/riss/ tidsskrift for språk og litteratur er drive av studentar på frivillig basis. No søkjer me fleire studentar som er interesserte i språk og litteratur og ønskjer å være med på redaksjonsarbeidet. Dette inneber tekstvurdering, å ta kontakt med potensielle skribentar innan aktuell forsking og skjønnlitteratur, organisere og arrangere slippfester, diskusjonar, økonomi og marknadsføring, og ein god dose sosialisering med andre språk- og litteraturinteresserte studentar. For å lese meir om redaksjonsarbeidet og kva dette kan gje deg, klikk på denne lenka.
Visst du er interessert, send oss ein e-post på redaksjonen@risstidsskrift.no med litt informasjon om deg sjølve og kvifor du ønskjer å være med. Fristen er 4. september.
Har du spørsmål eller liknande, ta kontakt. Me gler oss til å høyre frå deg.