IMG_15138 semester, 8 forskjellige tema, 8 praktfulle nummer samt uteljelege gode stunder, erfaringar og minner. Slik vil eg oppsummere tida mi i riss-redaksjonen når eg no pensjonerer meg frå redaksjonsarbeidet og går over i stipendiattilværet.

riss er rett nok eit tidsskrift for språk og litteratur, men det har vist seg å vere betydeleg vanskelegare å rekruttere representantar for språk enn for litteratur til redaksjonen. Er tidsskriftsarbeid meir relevant for litteraturstudentar? Absolutt ikkje. Erfaring frå tidsskriftsarbeid er relevant for alle som interesserer seg for arbeid med språk, tekst, skriveprosessar – ein kategori som både språk- og litteraturstudentar truleg kan kjenne seg att i. Før eg offisielt takkar for meg, vil eg derfor presentere nokre tankar om erfaringar eg sjølv sit at med frå redaksjonsarbeidet, med von om at dette kan kveikje potensielle etterfølgjarar til riss-redaksjonen.

  • Tekstvurdering: Opplagt nok består mykje av redaksjonsarbeidet av tekstvurdering, og her får ein verkeleg prøve seg på dei fleste sjangrar. Artiklar, essay, noveller, kortprosa og lyrikk er mellom dei vanlege bidraga riss får inn, men er du heldig får du også bryne deg på drama, kronikkar eller til og med ein tått. riss er også klar og ærleg på at vi vurderer tekstane på bakgrunn av den erfaringa vi sjølve opparbeidar oss gjennom studiane, så fortvil ikkje om du ikkje er heilt rå på moderne lyrikk – det finst rom for slike som oss òg!
  • Førespurnadar: Ein mindre tydeleg, men minst like viktig del av redaksjonsarbeidet handlar om å hente inn tekst til tidsskriftet. Særleg fagartiklar kjem sjeldan av seg sjølv, men tikkar inn etter førespurnadar frå redaksjonen. For å skape eit breitt utval tekstar i tidsskriftet, må redaksjonen kvart semester ta på seg detektivhatten og jakte interessante tema og skribentar, som vi deretter sender ein førespurnad til. Sidan temaet i riss i regelen kan og skal tolkast vidt, må ein gjerne vere kreativ og tenke utanfor boksen, noko som i andre omgong også er ein utmerka måte å både halde seg fagleg oppdatert på samt å bli betre kjend med eige og tilgrensande fagfelt.
  • Å gi tilbakemelding: Alle tekstar som kjem inn til riss, får ei tilbakemelding frå redaksjonen. Gjennom å gi tilbakemelding får ein trening i å uttrykke både rosande kommentarar til tekstar, men også i å gi konstruktiv kritikk. Somtid får redaksjonen også inn tekstar som treng nokre finjusteringar eller eit lite puff i ei ny retning, og i slike tilfelle går vi i dialog med skribenten om mogelege endringar. Dette gir eit unikt innblikk i sjølve skriveprosessen og erfaringa av å kunne rettleie skribenten fram til ferdig tekst.
  • Språk: Tidsskriftsarbeidet byr også på snadder for oss som er glade i språkvask og korrekturlesing. Korrekt og godt språk er viktig både for redaksjonen og for skribentane våre, så redaksjonsmedlemmar med auge og interesse for slikt, er alltid velkomne.
  • Skrive sjølv: Er du glad i å skrive sjølv, er det på ingen måte ei hindring å vere med i tidsskriftsredaksjonen. Kvart semester trykker vi intervju (eller reportasjar) og bokomtalar skrivne av redaksjonsmedlemmane sjølve, og det er heller ikkje noko i vegen for å sende inn skjønnlitterære eller faglege tekstar på line med andre bidragsytarar. Tvert om vil eg påstå at erfaringa frå arbeidet med tekst i tidsskriftet også vil vere nyttig for arbeidet med eigne tekstar.
  • Administrativt arbeid: Arbeidet med riss handlar om meir enn tekst, det handlar også om planlegging, marknadsføring, økonomi og layout. Fordelen med små organisasjonar som riss er at ein her får ta del i heile prosessen av å produsere eit tidsskrift, frå oppstart til sleppfest. Ved å ha ansvarsverv kan ein i tillegg få verdfull erfaring med leiing, marknadsføring eller økonomi.
  • Sosialt: Minst like viktig er den sosiale delen av tidsskriftsarbeidet. Eit uskrive mantra i redaksjonen er at godt samarbeid er avhengig av godt samhald, og mine beste stunder i riss er henta både frå korrekturlesingskveldar, julebord og ordinære redaksjonsmøte. Sidan redaksjonen er sett saman av studentar med ulike (faglege) interesser og fordjupingar, får ein også kjennskap til andre fagfelt enn sitt eige, og ein skal heller ikkje kimse av erfaring med tverrfagleg samarbeid seinare i arbeidslivet!

Eg håper at dette kan vere til inspirasjon for nysgjerrige studentar og framtidige redaksjonsmedlemmar – uavhengig av om fordjupinga di er litteratur eller språk. Det viktige er heller interessa for tekst og tekstarbeid, samt ei kreativ, ansvarsfull og sosial innstilling til redaksjonsarbeidet. For meg har tida i riss utvilsamt vore verdfull både sosialt og fagleg, og eg anbefalar det på det varmaste!

Tusen takk for meg.

–  Stolt riss-veteran –

 

Ps. Har du fleire spørsmål, er eg sikker på at redaksjonen svarar meir enn gjerne!

Advertisements

2 thoughts on “Ein språkstudent takkar for seg

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s