Alle bidrag får ei grundig tilbakemelding, samt svar på om vi ønsker å trykke teksten eller ikkje, fortlaupande fram mot frista. Her ser vi både på ordval og språk, men òg teksten som heilheit. Dersom vi syner rom for forbetring kjem vi med endringsforslag som vi tenkjer kan heve teksten innenfor dei rammene du sjølv har satt for den. Jo før du sender inn, jo betre tid har vi på å gå fleire runder med teksten viss det vert nødvendig. 🌿
Vi tek imot både skjønnlitterære og faglege tekstar, i alle sjangre og lengder opp til 5000 ord. Språka som redaksjonen har forutsetning til å gje tilbakemelding på er norsk (bokmål/nynorsk/dialekt), svensk, dansk og engelsk. Sjå gjerne på temaet for nummeret som rettleiande og ope, heller enn eit strengt krav. 🌿
Arbeidet vert ikkje honorert, ettersom vi er eit studenttidsskrift dreven på frivillig basis. Men alle som kjem på trykk får ein gratis kopi av nummeret til odel og eie!🌿
Frist for innsending til «Dimensjoner» er: 1. oktober (og 5. oktober for bilete/illustrasjonar som vi òg tek imot med gledje). Alle bidrag kan sendast til redaksjonen@risstidsskrift.no 🌿
Spørsmål kan skrivast i kommentarfeltet, sendast på e-post eller direktemelding i våre sosiale medie-kanalar 🌿








Bileta viser:
«Fornyelse» dikt av Helene Larsen, trykka i FRYD.
«Språkdemping kan kanskje vere bra, ikkje sant?» fagtekst av Charlotte Sant, trykka i KANSKJE.
«Ho bestemor og hegra» tekst av Hege Kristin Stokka, trykka i MYTE.
«Horisont» dikt av Erlend Skjetne, trykka i KANSKJE.
Tre teikneseriestriper av @melounu, trykka i FRYD.
«Krypten» novelle av Mikael Shultz Rassmussen, trykka i MYTE.
«Fire av x antall» manus av Tiril Lyslo Haugskott, trykka i EKKO.
«Skal en gjere det på japansk vis…» tekst av Malin Bakke Frøystadvåg, trykka i FRYD.