
Studerer du språk eller litteratur? Likar du å arbeide med tekst? Då er det kanskje deg vi er på leiting etter som nytt redaksjonsmedlem i riss!
Tidsskriftet er tilknytta institutt for språk og litteratur ved NTNU Dragvoll i Trondheim, så det bør du også vere om du ønskjer å søke. Vi oppfordrer særleg dei som kan tenkje seg å vere økonomi-ansvarleg til å søke. Skriv litt informasjon om deg sjølv og dine motivasjonar for vervet i ein e-post til oss på redaksjonen@risstidsskrift.no. Søknadsfristen er 5. september. Alle aktuelle kandidatar vert tatt inn til intervju kort tid etter dette. 🌿✨