Brynjulf Jung Tjønn er fødd i 1980 og vaks opp i Feios, Sogn og Fjordane. Han debuterte med romanen Eg kom for å elske i 2002, og har sidan gjeve ut ein rekke romanar for vaksne og ungdommar. Tjønn blei tildelt Brageprisen i 2013 for ungdomsromanen Så vakker du er. Han er redaktør for tidsskriftet BLA.
Hei! Kven er du?
Eg er forfattar som skriv både for barn, ungdom og vaksne. I tillegg arbeider eg som forlagsredaktør for barn og unge i Samlaget. Eg har vakse opp på ein veldig liten stad i Sogn og Fjordane og er odelsgut, noko som pregar tekstane eg skriv.
Fortel om prosjektet/prosjekta du held på med for tida?
Akkurat no sit eg med korrekturen til GARDEN UNDER JORDA, som er mi tiande bok, men mi aller første diktsamling. Boka kjem ut i starten av april på Cappelen Damm. Dikta handlar om ein mann som ser tilbake på oppveksten sin på ein gard. Om å finne ut kven han er. Om å vere einsam. Om å dyrke fram søsken i jorda. Om å forhalde seg til ei familie i oppløysing: ei mor som døyr, ei syster som eigentleg aldri levde.
I tillegg skriv eg på eit teaterstykke som heiter GUL GUT på Dramatikkens Hus. Det er ei familieframsyning, med barn som hovedmålgruppe. Og så skriv eg på ein ny roman for ungdom, som eg håper kan kome ut neste år.
Kva for sjanger liker du best å skrive, og kvifor?
Eg likar å veksle. Sjølv om eg først og fremst har skrive romanar, enten for vaksne eller for ungdomar, så likar eg også kortare format, som bildebok og lyrikk. No utforskar eg også dramatikk. Uansett sjanger, så er språket det viktigaste for meg. Eg tar utgangspunktet i språket, i rytmen og klongen. Og slik veks det ofte fram ein hovudkarakter med ei stemme som skal bere heile historia.
Beskriv den litterære stilen din.
Eg har alltid skrive litt i skjæringspunktet mellom prosa og poesi. Difor er dei fleste romanane eg har skrive nokså korte. Eg prøver å skrive meg innover i karakterane, inn i hovudet. Eg prøve å skrive fram stemmen og tankane. Nokon vil nok hevde at mange av bøkene mine er dystre og mørke. Men eg prøver også å fylle historiane med lys. Med håp.
Korleis er skriverutinane dine?
Når eg har hatt kunstnerstipend har eg forsøkt å bruke ein vanleg arbeidsdag til å skrive. Men no har eg fulltidsjobb i Samlaget og barn. Så eg bruker kveldene til å skrive. Det er krevande, men eg må skrive, elles veks det ei uro inni meg.
Kva motiverer og inspirerer deg?
Eg har noko inni meg som må ut. Eg kunne tenkt at no er eg 100 prosent forlagsredaktør og dermed legge skrivinga på hylla. Men eg er også forfattar. Eg må skrive. Eg kjem aldri til å legge skrivinga på hylla. Så drivkrafta er vel at det er noko eg må gjere, eg har historier som eg må få ut.
Har du eit litterært førebilde?
Du kan kanskje sei at Jon Fosse er eit slags litterær forbilde, fordi eg likar måten han skriv på. Og eg er nok litt inspirert av skrivestilen hans. Samstundes kan eg aldri skrive på hans måte, fordi den er unik og noko berre han meistrar. Difor må eg skrive på min eigen måte.
Anbefal noko bra lesestoff, vér så snill.
Det må vere ei bildebok som kan lesast av absolutt alle, uansett alder: PØLSETJUVEN av Marianne Gretteberg Engedal, som kjem ut no i midten av mars.
***
Hanna Kristine Rødland
Éin fredag i månaden presenterer /riss/ en spennande forfattar her på bloggen. Kanskje den beste fredagen i månaden, ifølge mange. For ikkje å gå glipp av oppdateringene våre, kan du til dømes følge oss på facebook og instagram (@risstidsskrift)