Bilete frå christies.com

Førre nummer av riss handla om det ville, uhandterlege, det ekstatiske. I dette nummeret tenkjer vi meir på det strenge og kontrollerte.

Høgreiste, storslegne, standhaftige, hogga i marmor, ståande for all ettertid. Vårens nummer av riss har fådd tittelen «Monument». Eit monument er konstruert som eit minnesmerke over ein viktig person, ei hending eller ein verdi. Eit monument er skapt for å heidre og for å hugse. På den måten er dei symbol for dei verdiane som troner øvst. I overført tyding kan litterære kanonar sjåast på som monument over den viktigaste litteraturen, medan rettskrivingsreglar hyllar enkelte skrivemåtar. Temaet opnar for å sjå på det etablerte og høgverdige, det som definisjonsmakta har kome til gode, men kan òg brukast til å ta for seg det som er blitt ståande utanfor, det som er gløymd og tilsidesett. Kven er det som bestemmer over kva monument som blir reist og kva som blir framheva? Og kva er det som gjer at ein gjer opprør mot det etablerte?

Vi tek imot alt av språk- og litteraturvitskaplege tekster, samt skjønnlitterære tekster fram til 15. mars. Alt innsendt vil få ei grundig attendemelding. Sjå retningslinjer for tekst inne på nettsida.

Vi tek òg imot illustrasjonar fram til 15. mars

Send ditt bidrag til redaksjonen@risstidsskrift.no

Reklame

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s