Gunnhild Øyehaug er denne månedens gjest på Forfatterfredag. Hun debuterte i 1998 med diktsamlingen Slaven av blåbæret, og har gitt ut en rekke bøker siden da, blant annet romanen Vente, blinke: eit perfekt bilete av eit personleg indre. Romanen ble filmatisert i 2015 under tittelen Kvinner i for store herreskjorter.

1. Hei! Hvem er du?
Eg er Gunnhild Øyehaug. 42 år, forfattar.

2. Fortell om prosjektet/prosjektene du holder på med for tiden.
Eg kan ikkje! Dei er litterære, det er alt eg kan seie. Nokon sa ein gong at å skrive ein roman er å sette seg eit mål og deretter gå dit i søvne. Sjølv om det både kan og ikkje kan vere ein roman eg held på med, er skildringa dekkande for korleis det er å skrive ein tekst, for min del. Og viss eg fortel om det undervegs, er eg redd for at eg vaknar.

3. Hvilken sjanger liker du best å skrive, og hvorfor?
Det varierer – eg likar som regel best den sjangeren eg skriv i den stunda eg skriv. Ein sjeldan gong lengtar eg til andre sjangrar. Då er det fordi den sjangeren eg skriv manglar nett det som den andre sjangeren har. Dette kan føre til at sjangrane blir blanda. I det eg skriv.

4. Beskriv den litterære stilen din.
Korleis løfte «Stilen» ut frå «Det eg skriv om», lurer eg på no. Eg ser dette som ei samanvevd sak. At stilen har alt å seie for kva teksten seier. Eg fekk nettopp spørsmål om kvifor eg har skrive ei heil novelle i scenetilvisingar: ein grandonkel fortel i ei gravferd at den avdøde bestemora heldt på å ikkje gifte seg med den avdøde bestefaren. Slekta ser for seg at dei dermed like gjerne ikkje kunne ha vore i denne gravferda, dei kunne kort og godt ikkje ha eksistert. Kvifor velje å fortelje den i scenetilvisingar? Det er fordi scenetilvisingar handlar (mykje) om rørsler. Desse rørslene er nesten ikkje-tilstadeverande i teksten. Scenetilvisingar handlar også mykje om korleis det ser ut på scena. Det gjer ikkje desse, dei skildrar kva onkelen seier. Det skaper ein kontrast mellom det scenetilvisingar ofte er: handlingspåpeikande, skildrande, og det som skjer i denne teksten: ei ikkje-handling, ei skildring av eit potensielt ingenting. Kvifor ønsker eg at det skal vere ein kontrast? Det blir såleis neste spørsmål.

5. Hvordan er skriverutinene dine?
Eg set meg til skrivebordet så snart ungane har gått på skulen. Så sit eg der og skriv. Og går rundt omkring i huset, ser på ting på youtube, les, går evt ein liten tur til butikken, går heim, skriv vidare.

6. Hva motiverer og inspirerer deg?
Eg blir ofte inspirert av språk i bruk. Det kan vere andre bøker, andre tekstar. Flyblad (slike blad ein les på fly), pakningsvedlegg, skilt, reklame, tekstar til kunstverk, biografiar, reportasjar, filmspråk, instagramspråk, lesarinnlegg, politiske talar, ordbøker, leksikonartiklar.

7. Har du et litterært forbilde?
Den forfattaren som har gjort sterkast inntrykk og kanskje sett tydelegast avtrykk må vere Virgina Woolf. Elles er eg svært glad i noko Flaubert ein gong sa i eit brev: «Kva tid vil alle fisane bli skrivne frå den suverene farsens synspunkt, det vil seie, slik den gode Gud ser dei, høgt oppe frå?». Tanken på eit perspektiv som er så høgt oppe men som likevel kan skildre små fisar med sine individuelle, små lydar, er fin. Han vil også då få tak i slikt som hjarteslag, ser eg for meg.

8. Anbefal noe bra lesestoff, vær så snill.
Vil gjerne anbefale to fantastiske kortprosasamlingar: Joy Williams; Ninety Nine Stories of God. Alexandra Kleeman: Intimations.

9. Har du ellers noe på hjertet?
Nei, no er det tomt!

Foto: Magne Sandnes (brukt i samtykke av forfatter)

***
Tiril Lyslo Haugskott

Én fredag i måneden presenterer riss en spennende forfatter her på bloggen. Kanskje den beste fredagen i måneden, ifølge mange. For ikke å gå glipp av oppdateringene våre, kan du for eksempel følge oss på facebook, instagram (risstidsskrift) og twitter (@Rissredaksjonen).

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s