Eit møte med Rikard Ingdal og boka Hogst

Ingdal-Rikard

(Pressefoto)

I det vesle lokalet til Sosiologisk Poliklinikk, med dei dei store vindauga ut mot gata, står tette rader med orange stolar vendt mot ein raud sofa, ein raud lenestol og to lamper med gedigne, tekstilkledde skjermar. I det fullstappa rommet sit unge menn med store skjegg og unge kvinner med pudderfarga skjorter. Dei har samla seg for å delta på Litterært Kollektiv sitt arrangement «Under Barken: Hogst», der forfattaren Rikard Ingdal er midtpunktet. Debutromanen hans heiter Hogst, og i kveld skal han snakke om verket sitt med dei sjølverklærte «entusiastiske lesarane» Karete Jacobsen Meland og Katrine Øverlie Svela.

I lyset frå dei gamaldagse lampene startar han kvelden med å presentere seg sjølv og romankarakteren Gorm, før han les høgt frå boka. Vi får høyre korleis Gorm blir tvinga til å vaske hendene i glovarmt vatn av ein fysisk og psykisk trugande far, og korleis han ikkje ytrar noko form for motstand mot mishandlinga. Ingdal er roleg og tilbaketrukken, og etterkvart som han les, liksom forsvinn han og blir mindre viktig, mens orda hans og bileta dei malar, gradvis blir meir intense og ubehageleg verkelege. Etterpå kjem dei to ordstyrarane fram til sofaen, og Ingdal set seg i lenestolen med eit glas vatn og beina i kryss. Samtalen skal begynne, og vi skal no få vite meir om romanen, skriveprosessen og Ingdal sjølv.

hogst3

Karete og Katrine er utadvendte, muntre og nyskjerrige og tar opp fleire tema både innanfor og utanfor teksten. Samtalen handlar i den eine augneblinken om forholdet mellom far og son generelt, i den andre om det spesifikke forholdet mellom Ingdal og hans eigen far, før dei diskuterer den øvrige litteraturen som omhandlar temaet, og korleis Ingdal si bok forheld seg til denne. Dei er innom fleire andre tema, som bygda, naturen, kommunikasjonen og truverdet i teksten. Dynamikken i samtalen er strukturert rundt førebudde spørsmål, som nokre gongar blir avleidd av spontane tankar og innspel frå både ordstyrarane og forfattaren sjølv.

Det usagte mellom far og son

Kommunikasjonen mellom menneska i bygda, og kanskje spesielt mellom far og son er eit viktig tema i boka. På Aschehoug sine sider startar omtalen slik:

«Korleis skal ein finne ut kven ein er, når ætta er stum for anna enn fablar og alle i bygda teier? I Hogst snakkar ingen rett ut, dei går krokvegar, og dei fører ofte til galne stader. Debutboka til Rikard Ingdal er eit skjebnedrama frå den fåmælte norske bygda»(aschehoug.no 18.02.2016)

Når faren til Gorm døyr, korleis skal Gorm gå fram for å finne ut kven han eigentleg var, og kven han sjølv er? Ingdal seier at han har vanskeleg for å snakke om boka, fordi han er så redd for å røpe det som skjer. Faren har lært Gorm alt han kan – men har han vore ærleg?

Ingdal fortel at han har valt far-son-tematikken fordi han sjølv er ein son, noko som betyr at han veit ein god del om emnet. Han fortel også at han har basert nokre av stadane som blir skildra i boka på ekte stadar frå heimbygda. Ingdal seier fleire gongar at han har prøvd å føre teksten så nærme røyndommen som muleg, på ein så truverdig måte som muleg. Dette har han mellom anna prøvd å oppnå ved å skildre mange detaljar, og ved å skildre kjensler og tankar han sjølv har hatt. Gorm kan vi lese som ein alternativ-Rikard Ingdal i eit alternativt univers, seier han. Slik sett brukar han av seg sjølv utan å utlevere seg sjølv.

«Berre så du veit det, vi pleier ikkje å ringe»

Når det gjeld det skrivetekniske, får Ingdal fleire spørsmål om det visuelle og sanselege i boka. Han fortel om sin bakgrunn frå estetiske studiar, der han blei kjent med korleis den estetiske teorien legg vekt på sansane si tyding. Han kallar seg sjølv for ein «fenomenolog», og seier at han har vore opptatt av det sanselege og det kroppslege då han skreiv boka. Ein i publikum peikar på likskapen mellom Ingdal sin skrivestil og time-lapse-filming (der ein tar eitt bilete med jamne mellomrom gjennom ein prosess, slik at detaljar som vanlegvis ikkje blir observert av menneske kan sjåast – til dømes korleis ei plante veks), og Ingdal bekreftar at han har prøvd å overføre filmteknikken til skrivinga, for slik å vise at tida går.

Ingdal jobba med romanen i tre år før han vart utgitt på Aschehoug forlag. Før dette hadde han fått avslag frå andre, og begynte å gi opp håpet. Han venta i tre månadar på svar frå Aschehoug, men hadde ikkje trudd at dei skulle kontakte han via telefon. «Berre så du veit det, vi pleier ikkje å ringe», var det fyrste dei sa til han. Dei var veldig positive, og det hjalp på motivasjonen til Ingdal. Deretter venta ein periode med redigering og kutting. Blant dei fyrste som fekk lese, var kjærasten. Dette kjentest som eit stort steg, som fekk Ingdal til å innsjå at han måtte gi slepp på Gorm, og la han leve sitt eige liv. Han har fått gode anmeldingar, og no ventar han på reaksjonar frå vanlege lesarar. Nokre av dei fekk han denne kvelden.

Tekst av Krista Lien Indrehus

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s