Utdrag fra artikkelen «Under ord-overflata» av Kirsti Lunde, trykket i Megalodon 01/15 (slippes 10. mai).

 

Nynorsk og bokmål blir rekna for å vere svært like språk, faktisk så like at dei som regel vert omtalte som to variantar av norsk. Døme som dette kan syne kvifor:

Nynorsk
1. Åse likar graut.
2. Det er fint vêr i dag!
3. Korleis går det?
4. Køyrer du til skulen?

Bokmål
1. Åse liker grøt.
2.Det er fint vær idag!
3. Hvordan går det?
4. Kjører du til skolen?

Ordtilfanget er tilnærma likt i båe språka. Nokre ord skil seg frå kvarandre, men språka ser og høyrest nesten like ut, og difor tenkjer me på dei som like språk. At orda kjem i same rekkjefylgje, gjer sjølvsagt òg at me oppfattar språka som like, men grunnen til at me merkar det utan å gjere ei nærmare lingvistisk analyse, er at orda liknar. Likevel syner ny forsking frå NTNU at skilnadane mellom nynorsk og bokmål er så store at hjernen handsamar dei som to ulike system, og difor som to ulike språk (Vulchanova, Åfarli, Asbjørnsen og Vulchanov, 2014). Dersom det i nynorsk og bokmål er avvik mellom korleis hjernen oppfattar likskapen deira og korleis orda får oss til å oppfatte likskapen til språka, er det grunn til å tru at det same er tilfelle for andre språk òg.

Difor er det stort behov for eit måleverkty for språkleg likskap som fangar opp alle typar ulikskapar, òg dei som forsvinn under overflaten av orda. I tillegg må måleverktyet kunne samanlikne alle slags språk, òg på tvers av språkfamiliar, og det må kunne gradere resultata slik at ein faktisk står att med eit mål av kor like eller ulike språka er når ein er ferdig med å analysere dei. For at det skal vere mogleg, må måleverktyet ta omsyn til struktur, underliggande morfologi, korleis morfologien blir uttrykt i orda og ordtilfanget i språket samstundes. I masteroppgåva mi freistar eg å utvikle eit slik måleverkty, og her vil eg gje eit innblikk i det store spørsmålet eg skal svare på: Korleis må eit mest mogleg presist og nyansert måleverkty vere bygd opp?

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s