riss er eit språk- og litteraturtidsskrift som vert gjeve ut av studentar ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap (INL) ved Noregs Teknisknaturvitskaplege Universitet (NTNU) i Trondheim.
riss kjem ut ein gong kvart semester. Kvart nummer har sitt tema. Neste nummer kjem våren 2012 og har temaet “Trivialiteter”.
Me vil veldig gjerne ha tekstbidrag frå deg. Du kan skriva kva du vil; essay, novelle, artikkel, masteroppgåvesamandrag, songtekst, dikt, melding, sakprosa osb.
Send tekst til riss@stud.ntnu.no
Me lovar ikkje å prenta alt me får inn, men me gjev god tilbakemelding på alle bidrag.
